-Området veks over med høymolrot og anna ugras, meiner Andreas Nedrebø.

Av Rune Nedrebø,

FINNØY:

Raude stikker i vegkanten, mellom anna på Sjernarøyane,  markerer kor kantklypparane skal halda seg unna. Stikkene er sett opp for å markera at her er det verdifulle vekster som må tas vare på.,

Men sjølv om Nedrebø forstår at det er viktig å ta vare på naturmangfaldet, kan han ikkje skjøna at det er verd å verna høymolrot og anna ugras mot ein omgang med kantklypparen.

-Eg har vanskeleg for å skjøna hensikten med dette, det er områder som veks over med ugras. Problemet er at ugraset spreier seg til markene som bøndene legg ned mykje arbeid i å halda reine, seier Nedrebø.

Etter hans meining er det så mykje natur på øyane, at det burde vera unødvendig å spara områder i veggrøftene for kantklypping.

-Dei som klypper her nå gjer ein kjempejobb, og bidrar til å halda ugraset borte, meiner han.

Prosjektleiar i Rogaland fylkeskommune, Tor Gabrielsen, skjønar problemet, men seier at her må ulike interesser vegast opp mot kvarandre.

-Det er vanskeleg å gjera alle til lags. Markeringa av dette området betyr at det er ein «artsrik vegkant» kor det er funne planter her som det er viktig å ta vare på. Dermed vil ikkje området bli slått før ved andre kantslått, seier Gabrielsen.