Av dei verneverdige kyrkjene er det Hesby kyrkje som er hardast råka av forfall og treng mest rehabilitering, spesielt overflatebehandling på veggene. Foto: Arkiv.|Sørbø Kyrkje

STAVANGER:

I løpet av fjoråret og våren i år har det blitt gjennomført tilstandsvurderingar for dei verneverdige kyrkjene i Finnøy og Rennesøy. På bakgrunn av desse tilstandsrapportane har Stavanger kyrkjelege fellesråd lagt inn forslag til budsjett i handlings- og økonomiplan for 2022-2025.,

Sørbø Kyrkje Foto: FOTO: Rune Nedrebø

- Rapportane er ikkje klare ennå, men basert på forebelse konklusjonar i rapporten har me spelt inn kva me ynskjer med tanke på kyrkjene, og kva som trengs av midlar til oppgradering og drift. Desse vurderingane er gjort av eksterne fagfolk som har stor kompetanse på området, så det er ikkje berre basert på ynskjer ifrå oss. Det er inspirerande og samtidig krevjande å forvalta desse gamle bygga for dagleg drift i dag og for framtida, samtidig som me skal ivareta omsynet til kulturminnevern, seier kyrkjeverge i Stavanger, Rune Skagestad.

Dette er forslaga frå fellesrådet til handlings -og økonomiplanen.

Hesby kyrkje:

13,450 millionar kroner- rehabilitering. I tillegg er det alt arbeid på gang etter løyving frå riksantikvar og kommune på 3 millionar kroner.,

I 1990 blei plastmaling påført veggene ute og inne, noko som har vist seg å vera skadeleg for kyrkja. Dei tette overflatene har ført til fukt i murane og forvitring av kalkmørtelen. Dette må fjernast og ny overflatebahandling må på plass fortast råd for å hindra vidare forfall. Det er og vesentlege skader på vindusramene av jern som held på plass glassmaleria i koret.

Hausken, Askje, Sjernarøy og Talgje:

8,040 millionar – rehabilitering. I tillegg er det alt arbeid på gang på bakgrunn av løyve i frå riksantikvar og kommune på totalt 1, 487 millionar,

Fellesrådet har også bede om 500 000 ekstra til forprosjekt på nytt kyrkjesenter til Hausken kyrkje

Sørbø kyrkje:

8,300 millionar – rehabilitering. I tillegg er det alt arbeid på gang på bakgrunn av løyve i frå riksanktivar og kommune på total ein million kroner.,

Kyrkja har store problem med saltforvitring innvendig og avskalling av puss utvendig. I tillegg treng det 110 år gamle skifertaket utskifting.

.