I våpenamnestiet kan du ta kontakt med nærmaste politistasjon eller lensmannskontor for enten å levera inn lovlege våpen eller få dei over i lovlege former. Når Øyposten snakkar med lensmann Rolf Kant i Ryfylkeøyane lensmannskontor fredag, opplyser han at dei allereie har fått inn to våpen. Han trur det er store mørketal i distriktet.

- Alle våpen skal vera registerert, og det er store mørketal her. Med eit våpenamnesti får me vekk alle mørketala. Folk er gjerne ikkje klar over at våpenet dei har arva må vera registert, seier Kant.

Når våpenamnestiet er slutt kan alle som blir tekne med ulovlege våpen få to års fengsel, men er forholdet grovt nok, kan straffa bli ennå større.

- Strafferamma på større mengder uregistrete våpen er på seks år. Så her må alle sjekka våpena sine. Det har seg også slik at om ein blir teken seinare, kan ein risikera å få tilbakekalla våpenkortet sitt, seier Kant.

Førre våpenamnesti var i 2008. Då blei det levert inn 87 rifler, 86 hagler, 9 revolverarar, 35 pistolar, eit kombivåpen og 12 maskinpistolar i Rogaland. Det blei også levert inn 14 granatar og 113 kilo med ammunisjon under amnestiet.

- Det er heilt uproblematisk å levera inn. Ein har eit slik amnesti for å få betre kontroll på våpena, for det er store mørketal, seier lensmann Kant.