Stavanger-ordførar Kari Nessa Nordtun døyper den nye ambulansebåten.|Erling Bleie dykka ned og sikra seg den gjenstridige flaska.

FINNØY:

Erling Bleie var eigentleg hyra inn inn til å vera "livreddar" viss Krf-politikar Olaug Bollestad havna i vatnet og fekk problemer i "Ta sjansen" på Finnøy under laurdagens Tomatfestival.,

Bleie sat klar i full dykkarmundur i gummibåten i båthavna utanfor Faa Brygge. Men blei sitjande å sveitta gjerandslaus i den steikande sola. For alt gjekk nemleg glatt, og Bollestad blei ikkje våt ein gong. Ho vann suverent duellen mot Marius Hegre frå bilfirmaet Motorforum, som både blei våt og måtte sjå seg slått med over to sekund av Krf-politikaren.

Kort tid før hadde det vore høgtidleg dåp av "Rygermedic" med sjølvaste ordførar Kari Nessa Nordtun som gudmor på kaien like ved. Men trass i to forsøk, fekk ikkje ordføraren knust flaska med dei edle dråpane mot baugen til ambulansebåten.

Erling Bleie dykka ned og sikra seg den gjenstridige flaska. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

I staden rauk snora, og flaska ploppa ut i sjøen og sokk til botnars, til stor åtgaum frå dei frammøtte gjestene.

Dette kom Bleie for øyra, og han tok turen bort på kaien til den nydøypte ambulansebåten etter at viraken hadde lagt seg.

-Det var varmt og eg tenkte at det ville vera godt å omsider få seg ein dukkert, seier Bleie til Øyposten

Han såg snart at det lett burde la seg gjera å finna flaska, for botnen var rein og utan tare.

Vel uti vatnet var det eigentleg bare å fylgja snora til flaska, som var innpakka i ein pose for at ikkje glasbrota skulle havna i sjøen når ho blei knust, slik planen var.

Nå er ho trygt heime hos den heldige finnaren.

-Kva merke var det?

-Er det noko som heiter Cava, spør Erling Bleie, som opplyser at flaska ikkje skal bli eit samleobjekt som støvar ned i eit skap, men skal drikkast ved "ein god anledning".