Det må understrekast at det kan skje rokkeringar, særleg i mandatfordelinga, når fintellinga er unnagjort. Grunnen til at valresultatet i Finnøy enno er usikkert og vart gjort kjent relativt seint, ligg i forhold knyta til at tal avgitte stemmer ikkje var i samsvar med det som var kryssa av i manntalet. Her var det eit avvik på 10 stemmer i Finnøy valkrins som omfattar Talgje og Finnøy. Etter å ha konferert med departementet, vart valstyret likevel einige om å godkjenna desse stemmene, men beklaga likevel sterkt det som hadde skjedd.

Basert på prosenttala for dei respektive partia får både Kr.F(6),V (5) og H (4) ein mandat meir enn ved forrige val. Senterpartiet kjem inn med 4 som sist, medan Ap mistar eitt mandat og kjem inn med 2.Mykje tyder på at det blir Senterpartiet som blir den store jokeren i høve til kven som blir ny ordførar i Finnøy, all den tid Kr.F og Ap har gjort kjent at dei vil samarbeida etter valet. Men desse to partia har berre 8 av 21 representantar, og treng såleis Sp sine 4 for å få fleirtal.

- Det endelege valresultatet i Finnøy, innkludert mandatfordelinga, blir ikkje klart før tysdag føremiddag, opplyser rådmann Helene M. Ohm til Øp-nett ved 00.30-tida natt til tysdag.

Bilettekst: Kr.F og ordførarkanditat Henrik Halleland har gjort eit godt val i Finnøy. No kan Halleland bli ny ordførar