Det blir nå også muleg å pendla internt til og frå jobb i Finnøy og Rennesøy og dra nytte av "Hjem-Jobb-hjem"-ordninga.Foto: Rune Nedrebø

I brevet skriv Stavanger KrF:,

FERJEOPPRØR OG MOGLEGE LØYSINGAR.

I det siste har det vore eit mykje omtala «opprør» i dei største ferjefylka.  Bakgrunnen er stor auke i bilettprisar for reisandemed ferjer både med og utan bil.  Samferdselsministeren har sjølv møtt både brukarar og fylkespolitikarar for å diskutera saka. I pressa har ein kunna lesa at ministeren ikkje førebels har lova meir pengar til dei aktuelle fylka, men det er skrive at det er gitt positive signal frå samferdselsministeren.

Det er tydeleg at grunnen til den store prisauken, skriv seg frå gjennomføring av oppdraget om å redusera CO

Både statsministeren og førre samferdselsminister har på spørsmål svara at fylka er kompenserte for meirkostnader med særleg elektrifisering av ferjeflåten.  KS har avvist dette og har i eit brev til Energi- og miljøkomiteen på Stortinget,dagsett 28.01.2020, gitt ei heilt anna framstilling.   Dette er og hevda frå fleire aktuelle fylke.  Ein rapport frå MenonEconomics og TØI, som KS tinga i fjor, støttar dette som er hevda frå fylka og kommunesektoren.  Skal all ferjedrift drivast fossilfritt i 2030, seier rapporten at fylkeskommunanefår ein årleg meirkostnad på mellom 500 mill kr. og 780 millkr., som det høgaste anslaget.  Dette er noko heilt anna enn dei100 mill kr. som statsministeren har brukt i Stortinget.

I Rogaland står ein i startgropa på denne omlegginga i ferjeflåten.  Her har ein gjennom målretta utbygging løyst av ferjesamband med bru- og tunellbygging.  Likevel har ferjekostnadene for fylkeskommunen vår og auka på dei attståande ferjesambanda.  Dette er heilt i tråd med rapporten Statens vegvesen fekk utarbeidd av Oslo Economics i 2016.  Den konkluderte då med ein auke i ferjekostnader på i middel 80 prosent mellom anbodsrundane på dei sambanda dei hadde undersøkt.  I det største ferjesambandet som er att for Rogaland fylkeskommune, Finnøysambandet, vart det og ein kraftig auke i det nye anbodet som skal ta til neste år.  Frå pressahar ein fått informasjon om ein kostnad på kring 95 mill kr. i året, og det er utan å gjennomføra det grøne skiftet i ferjeflåten totalt.

Her i fylket har VG si oppstilling av auken i billettprisar på ferjene funne, at dei siste fem åra har prisen auka 25 prosent.  Det er over dobbelt så stor auke som det har vore i konsumprisindeksen i same perioden.  Og dersom staten ikkje gir meir til fylka framover, kan ein rekna med ein endå større prisauke når ein skal leggja ferjedrifta heilt om.

Finnfast først, og vidare med Øyfast.

I tidlegare Finnøy kommune har ein fått avløyst ferjesamband til Finnøya og Sør-Talgje med tunell.  Denne vart opna seint i 2009.  Det har utan tvil vore ein stor suksess.  På desse to øyane har folketalet auka sidan opninga med kring 27 prosent til saman, mest på den minste øya.  På dei andre øyane i den tidlegare kommunen, har det i same perioden vore ein nedgang i folketalet på kring 8 prosent i alt.   Sett i ein tjue årsbolk, er endringane større.  Finnøya og Sør-Talgje har pluss 29,5 prosent, medan dei andre øyane har nedgang på 16,4 prosent.  Dette er så alvorleg at det ikkje kan halda fram så lenge utan at dei minste øysamfunna bryt saman.

Difor la den tidlegare kommunen ned mykje arbeid i åvidareføra vegsamband til alle øyane.  Det er rett og slett ikkjegodt nok med ferjer.  Sjølv om staten kjem på banen og finansierer nye ferjer betre, så viser utviklinga at framtida krev veg for å få velfungerande småsamfunn.  Prosjektet er gitt namnet Øyfast, og er prioritert i kommuneplanen som det viktigaste tiltaket for å byggja ei framtid på øyane.

Då Finnøy og Rennesøy kommunar gjekk inn i Stavanger kommune frå årsskiftet, finansierte ein gjennom kommunaldepartementet ein rapport om Øyfast-prosjektet.  Både denne rapporten, utarbeidd av Norconsult, og eintidlegare rapport som Iris laga, konkluderer med at det er mogleg å byggja prosjektet under visse føresetnader.  Den viktigaste finansieringskjelda er ferjeavløysingsmiddel.

Auke i ferjeavløysingsmiddel i staden for meir til ferjedrift.

Og det er her samferdselsdepartementet kjem inn.  Me ønskjerat ein i staden for å byggja nye utsleppsfrie ferjer, batteribankar med påkosting av ferjestø, og nye store el-kabelanlegg til alle ferjekaiane våre, heller legg meiroffentleg/statleg finansiering inn i veg- og tunellutbygging.  Ordninga med ferjeavløysingsmiddel i førti år, er god.  Men for å løysa eit slikt prosjekt som det me ønskjer, må det i tillegg betalast bompengar og nytta innsparing på hurtigbåtar.  Truleg vil det trengjast ekstra offentleg medverknad i startfasen.  Me meiner det er både meir framtidsretta og fornuftig enn å betala på eit evigvarande ferjesamband som fråår til år krev høgare bilettprisar.  Bilar og bussar vil i framtida køyra fossilfritt, så slik sett vil klimautfordringane verta møtte med ei god løysing.

I tillegg vil me få ei løysing som me reknar med kan møta utfordringa med den store nedgangen i folketalet på desseøyane.

God Krf-politikk.

Dette meiner me er god Krf-politikk.  Rogaland Krf vedtok i fylkesårsmøtet i 2018 ein resolusjon som er kalla: «Ferjefritt Stavanger». Denne resolusjonen handlar om det som er nemnt ovanfor. På siste fylkesårsmøte var det ein resolusjon om ferjeopprøret langs kysten, som og vart støtta.

Og me går ut frå at samferdelsministeren ønskjer at små øysamfunn skal kunna ha levelege kår og kunna utvikla seg seg også i framtida.