RENNESØY: Det var stolte og glade prisvinnarar som tok mot prisen torsdag, som har vore delt ut kvar år sidan 1999. Prisen bestå av ein plakett om prisen til å festa på huset, diplom og  50.000 kroner.,

-Det var både uventa og ei stor glede å få prisen. Me kjenner oss beæra, sa den nåverande eigaren av bruket, Kjartan Åsheim på vegne av seg sjølv, sambuaren Solveig Qverneland og dei tidlegare eigarane Ingvar Bru og Margaret Milje Bru.

Det var Anders Fjelland Bentsen (ap), nestleiar i utvalet for by- og samfunnsplanlegging, som hadde den takknemlege jobben med å overrekka prisen.

Ifølge Fjelland Bentsen falt valget på Ingvarsbakken i skarp konkurranse med fleire andre gode kandidatar. I sluttspurten stod det mellom Ingvarsbakken, tunet til Terjer Hidle på Nord-Hidle i Sjernarøyane og Engels Minde i Stavanger.

Skarp konkurranse

-Ingvarsbakken får prisen ikkje bare fordi bygningane her er så godt ivaretatt, men også fordi uterommet er spesielt med hellegangar og steingjerder bevart, seier Fjelland Bentsen til Øyposten.

Kjartan Åsheim og Solveig Qverneland innbrømmer at prisen forpliktar.

-Men me har heile tida følt at me overtok noko spesielt, som me gjerne vil føra vidare, seier dei.

Kjartan Åsheim er opphavleg frå Skånevik, medan Solveig Qverneland er frå Stavanger. Grunnen til at dei fekk tilbud om å overta bruket, er et han er i slekt med Margaret Milje Bru, som også stammar frå Skånevik. Dei flytta til Bru i 2015 etter å ha inngått avtale om kjøp, og overtok formelt som eigarar i 2018.

Margret og Ingvar Bru overtok garden etter far til Ingvar, Ingebret I. Bru, i 1956.

-Eg har alltid drøymd om å flytta frå byen, og har likt meg på Bru frå dag ein, seier Margaret Bru. Bryen ho siktar til var Bergen.

Det var bestefar til Ingvar Bru som bygde løa og våningshuset som står i tunet i dag. Løa blei oppført rundt 1880, og påbygd i 1931. Våningshuset blei bygd i 1896, mens sauhuset blei oppført  i 1965. Til garden høyrer også eit gammelt naust med steinvegger som ligger nedanfor tunet.

Mulig då pengane kom

På spørsmål om kva som har vore drivkrafta for å bevara tunet, svarar Ingvar Bru.

-Som bonde må du vera innstilt på å liggja nederst på lønsstigen, og det var først då pengane kom at tvilen forsvann og alt blei sett i stand, seier han og siktar til eit tomtesalg på bruket. Det var for 10 år sidan, og då blei løa fiksa opp og taket på våningshuset blei sett godt i stand.

Men Kjartan Åsheim presiserer at tun og bygningar var tatt godt vare på før det også.

-Mange stader er tunet blitt forandra etter at traktoren kom til gards. Det har ikkje skjedd her, seier han.

Til tunet Ingvarsbakken høyrer det 413 dekar jord. Då Ingvar Bru overtok var det 12 mjølkekyr, 30 sauer og 2-3 hestar. Mjølka blei levert til Frue Meieri i byen, men i 1960 kvitta Ingvar og Margaret Bru seg med kyrne.

-Til naboane si store forundring, for kva skulle me nå leva av, seier Ingvar Bru.

I dag er det ammekyr på garden, og det er bygd nytt ammekyrfjos eit stykke unna. Både Kjartan Åsheim og Solveig Qverneland har full jobb utanom garden.

Prisvinnarane er klare på kva prisen skal brukast til.

-.Me har lyst til å bruka pengane til å setja i stand naustet, seier dei.