FINNØY:
Heime på Finnøy planla sambuaren Brit Elin Nordbø å fylgja showet i H3 Arena på Fornebu frå sofakroken framfor TV'en.,
-Eg skal sjølvsagt sjå showet. Me hadde først tenkt å gjera litt meir utav det, men på grunn av koronaen kjem det til å bli stilt og roleg. Bare meg og den yngste dottera vår, den eldste skal vera samen med ei venner, seier Nordbø til Øyposten.
Stavangerkameratene framførte songen "Barndomsgater» på engelsk og hadde gitt han tittelen "Who I am".
-Eg synes songen er både fin og fengjande, og eg kjenner meg godt igjen i han. Etter å ha budd vekke frå Finnøy, så langt borte som i Australia, og ha flytta heim igjen til barndomsheimen, er det her eg høyrer til, seier Brit Elin Nordbø, som legg til at Melodi Grand Prix er ein fin måte for gruppa å nå ut til folk på, uansett om det blir seier eller ikkje.
Heller ikkje Hagatoppen barnehage let hendinga gå upåakta hen. Barnehagen arrangerte karneval fredag, og slo like godt til med ein solid plakat og jubelrop til støtte for Finnøy-artisten.