Camp Finnøy blei ein suksess under "Barnas sommer" i fjor. Nå fylgjer også Gjensidigestiftelsen opp og vil bidra økonomisk til liknade arrangement i sommar. Foto: Øyposten

Etter to svært aktive Camp-dagar i juni, gler Ryfylke Livsgnist seg til å ta imot barn i åtte nye dagar dei to første vekene i august.,

- 220 barn har så langt meldt seg på. Og barna kjem frå heile Stavanger kommune. Det synest me er svært kjekt, seier dagleg leiar i Ryfylke Livsgnist, Tor Øyvind Skeiseid.

Han presiserer at det framleis er plass til endå fleire barn i alderen 8 til 13 år.

- Det er ledige plassar på fem av dei åtte dagane me skal gjennomføra «Camp Finnøy» i august. Så det er berre til å kasta seg rundt og melda seg på via våre nettsider. Me snakkar altså om eit eindagsopplegg, med nye barn kvar dag, fortel han.

- Tilbakemeldingane frå barna i juni var utruleg gode. Det gjaldt både på maten, konkurransane og grubleoppgåvene. Vårt eige fluktrom var ekstra populært. Så nå gler me oss til å gje nye barn magiske opplevingar på Søre Vignes, rundar Tor Øyvind Skeiseid av.