Makrell frå Thor Bernhard gjorde susen

1. klasse på Vikevåg skule gjorde storfangst av småkrabbar i Prestvågen måndag, med agn frå Thor Bernhard Harestad.

Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel
Benjamin Galta og Sanna Lilleheim er fornøyd med fangsten.|Antoni Doleck, Lilly Anna Kreft, Liam Kummer, Nadia Bjørk Hafthorsdottir og Sarah Eline Salte på ivrig krabbejakt. |||Elise Sulg har utstyrt seg med makrellagn frå Thor Bernard Harestad. Bak Siril Våge.

RENNESØY:

Botnen i to kvite baljar er dekte med kravlande småkrabbar. Ivrige førsteklassingar har gjort storfangst, og fanga ikkje mindre enn 65 krabbar.,

Det er Sommar-SFO'en ved Vikevåg skule som er på tur til stranda i Prestvågen, utstyrt med snøre og makrellagn frå Thor Bernhard Harestad på Bru.

60 ungar har meldt seg på Sommar-SFO'en ved skulen i år, og i tillegg til krabbefiske står tur til Ørnhaug på Åmøy og tur frå Solastranda til Regestranda på programmet. 1. juli tek SFO'en sommarferie, i likhet med resten av SFO'ane i Stavanger kommune.

Elise Sulg har utstyrt seg med makrellagn frå Thor Bernhard Harestad. Bak Siril Våge.