FINNØY

:  Kafeen i Innbyggartoget åpna dørene igjen denne veka, og Cathrine Selvaag i Ryfylkekokken, som driv kafeen, er nøgd med å ta imot gjester igjen.,

-Det har vore greit med gjester innom etter at me åpna, og folk har òg bestilt bord til neste veke for å sikra seg plass til lunsj, seier Selvaag til Øyposten.

Det var etter at det blei slutt på kravet om legitimering for besøkande, at kafeen åpna igjen. Nå er det nok å registrera navn og telefonnummer.

Kafeen er nå åpen som vanleg, bortsett frå litt kortare åpningstid om kvelden torsdag og fredag.

I førjulstida inviterer innbyggertorget alle til å skriva ei lita julehelsing til å hengja på juletreet inne i Innbyggartorget, og alt er det komne helsingar både frå Miljøtjenesten, politiet og privatpersonar, både barn og vaksne.