FINNØY/SANDNES: Jakob er son av tidlegare kommunalsjef, nå avdøde Reidulf Vignes og Ingebjørg Vignes. Interessa for det grøne og det som spirer og gror fekk han på Lauvsnes i barndommen og tenåra. I 1993 byrja difor den 16 år gamle lærasonen på jordbruksskulen i Lyngdal. Deretter gjekk vegen tilbake til Lauvsnes som dreng og avløysar hjå Anna Lauvsnes i eitt år, før han i 1998 flytta til Årsvoll i Sandns. Der ville han starta opp med produksjon av slaktekylling saman med sin tidlegare ektefelle Maria Årsvoll.,-Men då me ikkje fekk konsesjon til ein produksjon på 320 000 kylling i året, skrinla me desse planane og etablerte i år 2000 selskapet Sandnes ferdigplen.I 2006 blei så dette omgjort til Grasrota AS. I tillegg dreiv me med eggproduksjon nokre år, fram til 2013.,Sidan har me auka satsinga på både ferdigplen, og ikkje minst sedumproduksjon( produksjon av bergknapplanter), som nærmast har teke heilt av dei siste åra, seier Årsvoll.,-Det heile byrja med dyrking av ferdigplen på eit areal på fem dekar. I 2010 blei dette arealet auka til 200 dekar, medan me i dag produserer ferdigplen på 500 dekar og er størst i Norden. I tillegg produserer me sedum på eit 300 dekar stort areal. Til saman disponerer me i dag 1800 dekar dyrka jord, der 1200 dekar er leigejord. Og det siste nye nå er produksjon av blomsterengmatter, som eg også trur kan bli ein betydeleg marknad i framtida i kampen for å ta vare på dei ekstremt viktige pollinerande innsekta, som me alle er så avhengig av.,

Tek tilbake vegetasjonen til Oslo sentrum slik den var for 200 år sidan

Og det er mange større signalbygg i Sør-Norge som er dekka med sedum og bergknapp produsert i plasttunnelar frå Grasrota på Årsvoll i Sandnes. Det store IKEA-bygget i Åsane utanfor Bergen, Stavanger Konserthus, Vega Scene og Nasjonalmusèet er berre nokre få eksemplar på dette.Og fleire følgjer truleg etter om Jakob får det slik han håpar og trur.

-I dei aller fleste større byane er det nå eit pålegg om å leggja grøne tak på alle større bygg. Dette skal då ha fleire funkjsonar, fortel elstesonen Sven som studerer i Oslo.,-Det primære er at det skal verka preventivt i forhold til flaumsikring ved at slike tak kan halda på store mengder regnvatn. I tillegg vil grøne tak også ha ein dekorativ, biologisk og miljøvennleg effekt. Og når me nå også vil tilby hovudstaden grøne tak som inneheld vegitasjon og blomstrande planter som var å finna i Oslo sentrum for 200 år sidan, må jo dette vera bra, smiler Sven. Han fortel at dei nå skal dyrka fram slike plantematter som inneheld 10 ulike plantearter som i dag finns naturleg i faunaen langs Oslofjorden.,-Og kanskje blir dei første mattene plassert på taket av det nye regjeringsbygget, som me også skal gi inn anbod på, legg Jakob til og viser fram eit utkast på korleis det då kan sjå ut.

 Frå 0-170 millionar på 20 år

,-

Men dette er jo som eit lite eventyr.Der det verkeleg sit på den grøne greina i form av ein produksjone som både er bærekraftig og som har framtida med seg?,-

Ja, utviklinga så langt har i alle fall vist det, seier Årsvoll. Han fortel at omsetninga har auka frå 0 til 170 millionar kroner på desse 20 åra.,-Me har i dag 40 tilsette, og trur framleis at me kan veksa ytterlegare.Dei prognosane som me presenterte for den politiske leiinga i kommunen nå i januar, tek høgde for at me alt i år vil auka omsetninga med yttrelegare 40 millionar kroner. I 2025 håpar me så å nerma oss 300 millionar kroner til saman i dei ulike selskapa våre. Men det betingar at dei lokale ramevilkåra også er på plass, påpeikar Årsvoll.,-Og så har me med oss alle dei mest sentrale produksjonsfaktorane også når det gjeld det grøne skifte. For me kan visa til både bærekraft, gjenbruk og sirkulærøkonomi når det gjeld det me produserer, påpeikar Sven og viser fram såkalla resirkulærte filtmatter av kasserte klær. Dei kjem frå gjenbruken hjå Fretex og blir brukt som basisgrunnlag i dyrkingsmatene som skal dyrka fram nye dekorative blomstereng- eller bergknappmatter. Dekorative grøne og blomstarnde tak som i framtida skal dekka nye takflater på større og mindre sentrumsbygg i norske byar.,

-