Redaktør Rune Nedrebø leiar avisa med stø hand. Foto: Gudmund Rørheim.

FINNØY:

-Framgangen er gledeleg, og kjem som ein fylgje av målbevisst sasting på nettet og i papiravisa, seier redaktør Rune Nedrebø.,

Avisa fekk si eiga nettutgåve for halvtanna år sidan, og kan difor tilby ferske, dagsaktuelle nyheter frå Finnøy og Rennesøy. I tillegg er det satsa på å få innpass i Rennesøy, etter at Finnøy og Rennesøy havna i same kommune saman med Stavanger.

-Tilbakemeldingane er at folk er godt nøgde med avisa, og set pris på at me prøver å sjå det som skjer i dei to tidlegare øykommunane i samanheng. Det er noko me vil halda fram med og forsterka, og dette året har me difor tilsett ein ny journalist, Terese Torgersen,  som utelukkande skal ha Rennesøy som sitt ansvarsområde. Me andre skal dekka Finnøy kommunedel, men også ha eit vakent blikk på det som skjer hos naboøyane i sør, seier Nedrebø.

Terese Torgersen er ny journalist i Øyposten med ansvar for å dekka det som skjer i Rennsøy. (Foto: Rune Nedrebø)

Øyposten auka opplaget med 96 aviser i andre halvår av 2020, som prosentvis, pluss 6,2 prosent, er den desidert største auken i området. Dette betyr at framgangen frå første hakvår, då Øyposten auka med 120 abonnentar, held fram. Både Bygdebladet og Strandbuen hadde mindre framgang enn Øyposten, mens Aftenbladet kan notera seg for ein tilbakegang i andre halvår fjor.  Øyposten har nå eit rekordhøgt opplag på 1635 aviser.

Her er opplagstala for avisene i området:

Stavanger Aftenblad63 26863 337-69
Haugesunds Avis21 72621 132594
Jærbladet13 45812 920538
Sandnesposten8 0477 395652
Dalane Tidende7 4927 315177
Strandbuen5 2065 041165
Solabladet4 1834 004179
Gjesdalbuen3 5833 430153
Bygdebladet Randaberg og Rennesøy3 5613 46992
Suldalsposten2 3662 27888
Ryfylke2 2782 2744
Tysvær Bygdeblad2 1382 163-25
Øyposten1 6351 53996
Karmøynytt1 3951 408-13