Mastrafjordtunnelen blei stengd tirsdag ettermiddag på grunn av trafikale problemer.

RENNESØY:

Dette var eit grep vegvesenet hadde tenkt å få på plass alt i haust. Men, "ting tar tid" heiter det, og det er tilfelle også her. Skilta er nå til utprøving i Stavanger, eit arbeid som i følge tunnelforvaltar Bjørn Arild Fossåen i Statens vegvesen er inne i sluttfasen.,

-Me håpar difor at dei kan koma på plass ein gong før påske, opplyser Fossåen til Øyposten.

Før dei kan monterast må det nemleg lagast fundament og førast fram straum og datalinje. Det skal monterast fire store elektroniske tavler, ei ved kvar tunnellåpning.

-Tavlene skal gi bilistane informasjon om hendelsar i tunnelane, slik at dei blir varsla om til dømes lause gjenstandar i vegbanen eller bilberging. I kombinasjon med skilt som varslar redusert hastighet, håpar me blistane køyrer snillare slik at det blir mindre risiko å sleppa trafikken gjennom. Dette håpar me skal redusera tida tunnelane må vera stengde,  forklarer  Fossåen.

https://www.oyposten.no/2021/01/19/rekord-for-stengt-tunnel-i-2020/

-Kva med ein redningsbil, når kjem den på plass?

-Stortinget har løyvd pengar til dette, men denne er det nå Samferdselsdirektoratet og Samferdselsdepratementet som jobbar med for å avklare korleis opplegget med bergingbil kan organiserast på ein best mulig måte, seier Bjørn Arild Fossåen.