Sesongavslutning i barne- og ungdomsfotballen

I løpet av denne veka vil i all hovudsak dei fleste kampane i dei respektive kretsseriane og divisjonspuljene i barne- og ungdomsfotballen i NFF, Rogaland vera ferdisgspela.

Rennesøy og Finnøy Gutar 13.
Bak frå venstre: Ravn Alec Gundersen, Lauritz L. Stølås, leon N. Røssland, Daniel Hanasand, Henri Kluge, Hedda H. Skadal, Ane H. teigen, Leander Corneliussen, Joakim Fauskanger, Noah Grønnevik og Markus Nornes.
Finnøy f.v: Kasper Bjørklund, Tormod Mjølsnes, Bjørn Moen, Geir Flesjå, Emil Gardsteig, Benjamin Eggebø, Adne Plsen, Magnus Emil Berge, Anders Nessa, Jonas Halsne og Matheusz Kessler
  • Jon Asgaut Flesjå
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

FINNØY/RENNESØY:

Som dei fleste kjenner til, så har det blitt ein svært så spesielle sesong for dei mange tusen unge fotballspelarane i fylket på grunn av den pågåande koronapandemien. Det har ført til at heile vårsesongen vart annulert, og kampane starta difor ikkje opp igjen før helsestyresmaktene ga grønt lys for trening og kampar etter at skulen starta opp i siste halvdel av august. Likevel har det blitt ein intens og spande haustsesong, der dei fleste laga opp til og med junior, har spela 8-10 kampar i sine respektive puljer.,Det er som kjent berre i ungdomsfotballen frå 13 år og oppover kor det blir sett opp tabellar og kåra avdelings- og puljevinnarar.,

Rennesøy FK gjer det bra

Både Finnøy IL, Mastra IL og den relativt nystarta klubben Rennesøy FK stiller fleire lag i serien. Dei fleste i ulike puljer på nivå to i 2.divisjon.Det er berre Rennesøy FK som har hatt lag på nivå ein, der Jenter 14 har spela, og fått eit veldig tøfft møte med dei beste laga i kretsen. På nivå tre, derimot, ser det ut til at Gutar 13 kan bli puljevinnar, ettersom dei leiar si pulje med eitt poeng før siste kampen. Denne kampen går heime på Vikevåg førstkomande onsdag kl.18.30 mot Staal Jørpeland 2. Også det andre 13- årslaget har gjord det bra, og blei nummer tre i si pulje i 2. divisjon. Det fattige eitt poeng framfor rivalen Finnøy.

Mastra har hatt heile seks lag med i ungdomsfotballen, og er også den einaste av desse tre klubbane som stiller lag i juniorklassen. Både Jenter 17 og Gutar 19 har vore representert her , men klubben har også hatt lag påmeldt i dei fleste årsklassane for både gutar og jenter frå 13-16 år. Det vitnar om stor breidde i klubben lengt sør i tidlegare Rennesøy kommune som har base på Mosterøy.

Toppscorar frå Finnøy

Om ein tek utgangspunkt i tabellplasseringa, er det Jenter 15 og Gutar 13 som har levert dei sterkaste prestasjonane blant laga i Finnøy IL.

I jenteklassen kan også øyalaget skilta med å ha toppscoraren i divisjonen. Der tronar Helene Hebnes øverst med heile 14 scoringar på sine 7 kampar. Men også bestevenninna frå Reilstad, Maria Rørtveit har funne vegen til nettmaskene heile 9 gonger, og ligg dermed på ein sterk 3. plass på toppscoralista.,Ein repsektabel 3. plass er også tabellplasseringa før siste seriekampen borte mot sjølvaste Viking, som ligg like bak. Klarer dei å ta poeng også her, og behalda plasseringa etter kampen mot eit hardtsatsande vikinglag, må det seiast å vera ein vedig sterk prestasjon dei ivrige fotballjentene har gjennomført .,Eit lag som også er sett saman av jenter frå fleire av øyane i kommunedelen Finnøy. Også Gutar 16 har levert ein flott innsats i ei tøff pulje, der dei i all hovudsak har møtt lag som er eitt år eldre. Det unge laget har likevel tidvis vist at dei verkeleg kan utfordra 16- åringane, og vil dermed ha eit langt betre grunnlag framfor neste sesong til å ta langt fleire poeng enn i år  når dei møter lag frå den same årsklassen.

Publisert: