DFet er mørkt og farleg for mjuke trafikkantar på vegstrekninga. Arnstein Bøe meiner det bør vera mulig å finna andre stader å gå tur eller trimma. (Foto: Rune Nedrebø)

Det som også bør vera en ein sjølvsagt ting er at ved forlenga innkreving frå Finnfast så må ALLE bilistar betala likt beløp.,

Det blir heilt feil viss elbilar framleis skal betala halvparten av ein fossil bil når dette skal gå til gang -og sykkelsti. Her må alle bidra likt slik at dette kan betalast inn så fort som råd.

Så til dei som joggar og går tur på denne farlege strekninga.

- Hadde kanskje vore ein god ide å finna ein annan trygg plass til denne aktiviteten nå i vintermånadane?

Det kan vel ikkje vera livsviktig å sykla/jogga/gå akkurat der når det er mørkt og i den verste trafikktida. Det er andre plassar på Finnøy som er mykje betre egna.

Så får ein heller komma tilbake når gang -og sykkelsti er på plass.

Mvh

Arnstein Bøe, Fogn