Gruppeleiar Dag Mossige i Ap godtar inntil vidare at NLM får støtte frå kommunen til sitt barne- og ungdomsarbeid.

STAVANGER:

Det var i anledning kommunen sitt tilskot på 26.860 kroner til Norsk Luthersk Misjonssambandet kommunedirektøren i Stavanger i fjor blei beden om å vurdera om organisasjonen har ein praksis som er i tråd med kommunen sine verdiar.,

Eit samrøystes utval for kultur, idrett og samfunnsdialog slutta seg til kommunedirektøren sin konklusjon om å ikkje avslå søknaden.

Men Aps Dag Mossige ville likevel ikkje leggja ballen heilt død.

Ifølge Mossige har Misjonssambandet ei "lite ærefull historie", og viste til at organisasjonen for nokre år sidan ville nekta homofile, sambuarar og muslimar og jobba i deira barnehagar.

-For Arbeiderpartiet handlar dette om menneskeverd, og me har som politikarar plikt til å vurdera korleis me tildeler kommunens midlar. Viss offentlege midler går til organisassjonar som bryt lova, har me plikt til å handla og ikkje bare la det passera, sa Mossige, som meinte det kunne bli aktuelt å sjå på rentingslinene for tilskot når pandemien ein gong er over.

Det var noko Bjarne Kvadsheim (sp) advarte sterkt mot.

-Viss me skal gå alle organisasjonar etter i saumane, kan det også bli mange organisasjonar for innvardarar som får store problem og ikkje får støtte. Her bør heller kommunen vera raus og støtta mangfaldet, sa Kvadsheim.

Ifølge kommunendirektøren er spørsmålet om kommunen har mulighet til å avslå søknad om tilskot på grunnlag av at Norsk Luthersk Misjonssamband ekskluderer medlemmer som «lever i strid med guds ord», ikkje lovregulert, men opp til kommunens skjønn.