FINNØY:

Den fyrste gruppeturen er planlagd 28. mars, men ingen veit til kor ennå. Men det blir til eit av turmåla i Finnøy eller Rennesøy som ligg inne i appen.,

Planen er å arrangera fellesturar med turleiarar annankvar sundag. Dei aller fyrste gruppeturane blir på kvar av øyane i Finnøy og Rennesøy, til saman 15 turar. I tillegg går dei med tankar om å starta fellestur ein gong midt i veka med tanke på dei som ikkje går på jobb eller skule. Dette er førebels berre på planleggingsstadiet, og vil bli nærmare annonsert.

- Alle fellesturane er henta ifrå utvalet av turar som er presentert i trimpoengappen. Me har lagt det opp slik at kvar tur skal ha tre turleiarar, ein kjentmann i front, ein turleiar i midten og ein turleirar som skal danna baktroppa. Me ser føre oss å ha ein kjentmann ifrå kvar øy, som og kan fortella litt om den aktuelle staden. Det er viktig å ha tre turleiarar for at alle skal kjenna seg trygge, fortel Jostein Gard som er ein av initiativtakarane til trimpoengappen.

Gruppeturane ligg ikkje inne i appen, så her må dei som ønskjer å bli med sjekka Øyposten, eller gå inn på heimesida til frivilligsentralen og innbyggartorget.

,- Me har stor tru på gruppeturane. Her får ein ikkje berre fine naturopplevingar, men litt kultur i tillegg. Kjentmannen på kvar tur har nemleg ansvar for å formidla litt lokalhistorie om dei forskjellige stadene. Jostein har vald å kalla den biten av turen for

ladestasjon for kunnskap og kvile.

Men i tillegg til kjentmenn treng med fleire som vil vera med som turleiarar. Det er ein ypparleg anledning til å komma seg ut på turs på, smiler Ragnhild Valand ifrå frivilligsentralen.,

Trimpoengappen er eit samarbeid mellom frivilligsentralen ved Ragnhild Valand, Klepp frivilligsentral, Josten Gard, Jon Asgaut Flesjå og Rennesøy og Finnøy turlag ved Johan Bull Njaa.

Medlemskapet i Trimpoengappen er gratis og uforpliktande.