Det planlagde nybygget på Helgøy i Sjernarøyane.|Sara Mauland (Rødt)

STAVANGER:

Sist saka var oppe sa utvalet nei, men denne gongen blei det ja. Utvalet gjekk også lenger enn kommunedirektøren foreslå, etter forslag frå Høyre og Frp, og vil også tillata at naustet blir bygd med skut.,

-Forrige gang la me stor vekt på landbrukssjefen si vurdering, og det gjer me også nå. Me kan heller ikkje sjå at ein skut vil setja til side hensynet til LNF-området, og kan også gå for det, sidan det er eit ynskje frå tiltakshavar. Men det vil auka risikoen for ein innsigelse frå statsforvaltaren, sa Anders Fjelland Bentsen (ap) under debatten om saka.

Sara Mauland (Rødt) tykte det var vanskeleg for "byassar" å setja seg inn i slike saker.

Sara Mauland (Rødt)

-Eg har forstått at slike saker er ganske kompliserte og vanskelege, sidan det handlar om historie og kva type gardsdrift det er snakk om, om det er sauer som beitar på øyar eller om det er bier som må ha tilsyn. Det er mange hensyn som må tas, som det har vore krevande for oss byasser i utvalet å forstå, sa Mauland, som meinte at utvalet må passa på å få med nokre "gode formuleringar om kva tid naust er å sjå på som ein del av ei "stadbunden næring" når arealdelen i kommuneplanen kjem til behandling.

-Det gjekk tydeleg fram av landbrukssjefen sin presentasjon i utvalet tidlegare at det hadde blitt sett pris på litt klarare føringar her, påpeika Mauland, som gjekk for endringsforslaget frå Høyre og Frp, men som i likhet med Fjelland Bentsen meinte det kunne auka risikoen for at statsforvaltaren kjem med innsigelse.

Forslagsxstillar John Peter Hernes var glad for at landbrukssjefen hadde snudd "180 grader", og tykte naust med skut passa betre  i terrenget enn det naustet som i dag står der. Hernes viste også til det naustet som historisk hadde stått der, og som hadde skut.