RENNESØY

: I beste sendetida søndag på NRK har ekteparet Kristofer Hivju og Gry Molvær Hivju bretta ut soga om Olav den heilage, og respektfullt knust myte etter myte om Nordens største helgen.,

Dagleg leiar på Utstein Pilegrimsgard, Arvid Kaspersen, håpar programmet vil vekkja ny interesse også for å gå Kystpilegrimsleia, som Utstein er ein del av.

-All oppmerksomhet av denne typen er positiv, men me har ikkje rukke å drøfta korleis me skal fylgja dette opp ennå, seier Kaspersen til Øyposten.

Pilegrimsgarden hadde i fjor ein betre sesong "enn nokon gong", ifølge Kaspersen, og vurderer nå ei ny pilegrimsrute til Røldal og stavkyrkja der til sommaren. Dessutan jobbar dei med eit stort prosjekt for neste år, som Kaspersen foreløpig ikkje kan røpa så mykje om.

Pilegrimsrådgjevar Margun Pettersen ved Stavanger Bispedømmekontor synes NRK-serien om jakta på Olav den heilage har vore både spennande og skikkeleg laga.

-Eg  trur absolutt serien kan skapa ny interesse og vekkja nysgjerrighet om Olav den heilage og pilegrimsvandring. Spesielt nå når det ser ut til at me like vel må feriera i Norge, også i år, seier Pettersen.

Pettersen trur den typiske pilegrimsvandrar er ein godt vaksen person. Ho trur likevel at også yngre generasjonar kan fatta interesse for helgenkongen og piligrimsvandring når det ei "Game of Thrones"-stjerne som har jakta på Olav.

-Eg både trur og håpar programmet kan nå nye grupper, for det å gå pilegrim gir mykje, seier ho.

Kystpilegrimsleia som Utstein Kloster og Pilegrimsgarden er ein del av, er dokumentert heilt tilbake til 1070 av presten Adam av Bremen, ifylgje Pettersen. Sjølv om det var piligrimsvandring langs kysten også til St. Sunniva klosteret på Selje, var det utan samanlikning Olav si grav og Nidarosdomen som var det fremste målet for pilegrimane i mellomalderen.