-Me gleder oss til å sammarbeida med Ryfylkekokken om å utvikla kaféen som møteplass på innbyggertorget. Dette er starten på ei spennande reise mot eit nytt og viktig tilbod i lokalsamfunnet, heiter det i meldinga frå Stavanger kommune.,

Kaféen skal være ein sosial møteplass med låg dørstokk som innbyggerane har ønskt seg, heiter det vidare.

-Me håpar me freistar innbyggerane til å komma på kaféen der ein vert servert spennande smårettar, bakst og ikkje minst ein god ”kopp kaffi” over ein triveleg samtale, seier Cathrine og Frode Selvaag i Ryfylkekokken i kommunen si melding.

Fokus skal vera på kortreiste, lokale råvarer og kvalitetsmat som speglar den flotte plassen me bur på og fremmer lokale produsentar, blir det opplyst.

I frå oppstarten i september skal kaféen være åpen frå tysdag til og med laurdag.

Opningsdato og klokkeslett kjem me tilbake til når det nærmar seg.