Slik skal den nye butikken bli. Illustrasjon: Job Arkitekter AS.

SJERNARØY: Fredag 21.august i år brann den snart 40 år gamle butikken på Eriksholmen ned til grunnen, truleg på grunn av eit lynnedslag. Men ekteparet Trond Aartun og kona Marianne, bestemte seg fort å bygga livsverket opp igjen.,

- Det er vanskeleg å sei kva tid det blir butikkdrift igjen, det kjem an på tidsfristar frå firmaet som skal bygga, og ikkje minst forsikringsselskapet Gjensidige, seier Aartun.

Det er JoB Arkiteketer AS i Stavanger som har teikna den nye butikken med bustaddel over.

- Butikken blir ikkje ulik den gamle, men med nokre justeringar etter familien sine ønskjer og behov.  Sjølve butikkdelen blir større, med nye og moderne fasilitetar for tilsette og kundar, seier arkitekt Tor Tvedten, som sjølv har hytte på Kyrkjøy, og har eit nært forhold til butikken på Eriksholmen.

- Difor er det ekstra kjekt å bidra i oppbygginga av den nye, seier han.

- Det var viktig for oss å gjenskapa litt av den gamle butikken, me vil at litt av den same stilen skal gå igjen. På den måten tek me med oss noko av den gamle butikken inn i den nye. Eg saknar det som var, for akkurat no er me tilbake der me var for snautt 40 år sidan. Men, det skal bli kjekt å ta fatt på nytt igjen, seier Trond Aartun.