Bygdakokken inviterer dei som ønsker det til julefeiring med god mat og godt selskap.

FINNØY:

Julefeiringa som Bygdakokken og frivilligsentralen ville arrangere på Innbyggartorget på Judaberg blir flytta, og i mindre skala. Grunnen er at dei nye koronarestriksjonane har ført til fleire avlysningar.,

Difor inviterer heller Bygdakokken Joakim Wiborg dei som vil, heim til han og familien.

https://www.oyposten.no/2021/11/07/lagar-jul-pa-innbyggartorget/

Inviterer heim til eiga stue

– Me blir så få nå, og då er det nok av plass hos oss. Men det er framleis plass til nokre til dersom ein vil melde seg på i siste lita, seier Wiborg.

På gjestelista står dattera hans Olivia, som er blitt godt vand med gjestfriheiten til faren.

Opplegget på Innbyggartorget var det Wiborg og Ragnhild Valand frå Frivilligsentralen som skulle stå for. Tanken var å invitere til ei koseleg julefeiring for alle som vil, til dømes dei som er åleine, eller dei som av andre grunner treng ein stad å feire.

Det er framleis målet, sjøl om det no blir ein litt meir intim setting.

– Det er stort sett einslege som har meldt seg på. Men det var også einslege med barn, men dei var litt usikre på om dei kunne, seier Wiborg.

Bygdakokken Joakim Wiborg saman med leiar i frivilligsentralen Ragnhild Valand. Foto: FOTO: Oddbjørg Måland

Har feirt jul åleine

Han har laga ein tradisjon med å halde ei nyttårsfeiring i same stil for dei som har lyst, i heile fire år. Men julefeiringa kan, som kjend, vera ei sårbar høgtid for mange, difor prøver Bygdakokken å få til noko for dei som ønskjer det.

– Eg har sete åleine på julafta sjølv, for mange år sidan. Eg veit kor kjedeleg og einsamt det kan vera. Difor tenkte eg det kan vera kjekt å laga til noko for andre i same situasjon.

Skulle det bli behov ved eventuelle nye påmeldte kan feiringa likevel haldes på Innbyggartorget, kor det er meir enn romsleg nok, presiserer Wiborg.

– Det beste er å sjå gleda til dei som kjem, latteren rundt bordet, og sjå at dei lyser opp.