30 sjukepleiarar har fått plass på studiet i Ryfylke

87 søkte, og 30 fekk plass. Tysdag går startskotet for den første desentraliserte sjukepleiarutdanninga i Ryfylke.

Det er stort behov for sjukepleiarar i Ryfylke.
Publisert: Publisert:

HJELMELAND: Det er stort behov for fleire sjukepleiarar i Ryfylke, og Universitetet i Stavanger arrangerer derfor for første gang ei desentralisert sjukepleiarutdanning i Ryfylke.

Tilbudet gjeld kommunane Sauda, Suldal, Hjelmeland, Strand og «øvrige». Øvrige betyr i denne samanheng innbyggjarar i Sandnes og Stavanger som høyrer til i Ryfylke.

Marie Undheim, prosjektleiar ved UiS er svært godt nøgd med søkninga til studiet.

-Me har fyllt opp alle studieplassane, det er flott, seier ho.

-Blir dette eit årvisst tilbud?

-Det er eit forsøksprosjekt i denne omgang, for å utvikla ein studiemodell som me om ynskjeleg kan bruka også andre stader, seier Undheim.

Tysdag blir starten på studiet markert på Hjelmeland hotell med prominente gjester til stades.