Pia Myrvold om,gitt av kunsten sin. Nå tek ho kunstnarkarrien sin med seg og flyttar til Fogn.||Huset som Pia Myrvold fhar kjøpt i Sæbøvåg på Fogn.|||Her, i idyllen i Sæbøvåg skal Pia Myrvold flytta inn.|Båthamna i Sæbøvåg. Huset til Pia Myrvold ligg

Av Rune Nedrebø,

STAVANGER: Den kjente kunstnaren Pia Myrvold (62) har kjøpt hus i Sæbøvåg på Fogn. Huset overtek ho i sommar, og då tenkjer ho å gjera fognbu av seg. For tida bur Pia Myrvold i Stavanger, kor ho leiger ein bustad.

-Eg har lenge hatt ei nær tilknyting til Ryfylke, heilt frå eg var liten, seier Myrvold til Øyposten.

Ho har difor vore på leit etter ein passande bustad ei stund, og kom til slutt over huset på Fogn.

-Kva forhold har du til Fogn?

Var på teltur på øya

-Ikkje så mykje, eigentleg. Eg var med ei veninne der på teltur ein sommar for mange år sidan. Det hugsar eg som ein heilt fantastisk ferie. Men bortsett frå det har eg utruleg mange gode minner og sterke band til Ryfylke.

Her, i idyllen i Sæbøvåg skal Pia Myrvold flytta inn. Ho overtar både huset til venstre, det rett over vegen og det raude naustet og brygga ved sjøen. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Foreldra mine hadde båt og ferierte ofte innover i Ryfylke. Ei stund leigde me også hytta til Wyller på Aubø i Sjernarøyane, noko som eg hugsar som den vakraste staden i verda. Me var ute og rodde, gjekk tur på Bjergøy, var i Aubøsundet og handla i butikken på Eik, som den gong fortsatt eksisterte, seier ho.

Pia Myrvold overtek huset på Fogn 15. juni, og gledar seg til å bli betre kjent med øya og dei som bur der.

-Det skal bli veldig kjekt, seier ho.

Vil laga sommarutstilling

Ho skal halda fram med å arbeida med kunst og design når ho flyttar dit. Noko av det første ho har lyst til å gjera er å få til ei sommarutstilling i den delen av huset som før var butikk. Også naust og eiga brygge fylgjer med.

Huset som Pia Myrvold har kjøpt i Sæbøvåg på Fogn. Tilbygget på nedsida husa i si tid butikk. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

-Nå må eg sjå meg om etter ein båt, det må eg ha når eg flyttar til ei øy. Viss det er nokon som har ein liggjande som dei ikkje brukar, er eg svært glad for å få høyra om det, seier Pia Myrvold.

Pia Myrvold er frå Stavanger, men har budd både i New York og Paris. Hennar kunstnarkarriere består både av å laga maleri, grafikk, klær som media og design av motekolleksjonar. Då ho budde i Paris blei ho kåra til årets mest talentfulle unge designar.

Dei siste åra har ho mellom anna hatt fleire internasjonale museums-utstillingar, som Centre Pompidou i Paris, Venezia Biennalen, og viktige muséer i Europa, USA, Kina og Qatar.

Også i Norge har Pia Myrvold hatt fleire museums-utstillingar, som i Stavanger Kunstmuseum, Bergen Kunstmuseum, Stenersen Museum i Oslo og i galleri over heile landet.