Rennesøys framtidshåp samla til småbarnstreff
Kvar torsdag er det gurgling og giggling og latter og gråt i kjellaren i det tidlegare kommunehuset i Vikevåg. Då er det småbarnstreff i «Verkstaden».
Av Rune Nedrebø,
RENNESØY:
Denne torsdagen stabba og kraup 10-12 smårollingar rundt på golvet, mens småpraten gjekk livleg mellom mødrene.,
-Det er eit veldig flott tilbud, seier Anne Karin Lindal frå Austre Åmøy til Øyposten.
-Spesielt for meg som fersk innflyttar til kommunedelen. Det har gitt meg mange nye veninner. Dessutan er det kjekt for barnet mitt å vera saman med andre ungar, seier ho.
-Blir det mykje skrik og skrål med så mange ungar samla?
-Nei, når ungane er saman roar dei kvarandre. Det går veldig fint, seier Anne Karin Lindal.