Ap-veteran Ottar Sandanger (t.v.) i triveleg drøs med ordførar Kari Nessa Nordtun og partifelle Jon Olav Runestad under åpninga av Innbyggartorget på Finnøy.

FINNØY: Det er helseproblemer som gjer at Sølvi Ona Gjul nå kastar inn handkleet i stavangerpolitikken. Det opplyser ho til Øyposten.,

Ona Gjul har vore friteken frå alle politiske verv i Stavanger, etter at kreftsjukdommen blussa opp igjen. Rennesøy-kvinna har mellom anna vore leiar for utvalet for helse- og omsorg i Stavanger, og nestleiar i Ap si kommunestyregruppe.  Sølvi Ona Gjul er opphavleg frå Sunnmøre, men har budd på Rennesøy sidan 1975.

Sølvi Ona Gjul har vore sentral i Ap si kommunestyregruppe. Her saman med gruppeleiar Dag Mossige.

Ottar Sandanger vil også gi seg i politikken, etter å ha vore engasjert i ein mannsalder. Sandanger blei innvald i kommunestyret i Stavangeri 2019, men hadde før det ein lang karriere bak seg som Ap-politikar i Finnøy. Han var mellom anna varaordførar i Finnøy.

Nå har han gitt beskjed til nominasjonkomiteen i Stavanger Ap at han ikkje går på ein ny periode. Det betyr at han seier farvel til politikken neste haust, etter valet, etter til saman 32 år som Ap-politikar.

-Eg tykkjer fire år i Stavanger kommunestyre er nok, og er godt nøgd med å få avslutta mi politiske karriere med ein periode der, seier Sandanger til Øyposten