Frode Fimland gjer klar til opptak med Kirk Mies, 6. generasjon etter familien som reiste til Amerika med "Restauration".|Frode Fimland er mannen bak filmar som "Søsken til evig tid" og "John - den siste cowboy".|Familien Mies, 6. og 7. generasjon etter sluppefolket i 1825. Frå venstre barna Elisabeth, Etan og Emilie, kona Renee og Kirk Mies.

MOSTERØY: 17.mai var Fimland både på Fogn og på Mosterøy for å gjera filmopptak i forbindelse med besøket av Kirk Mies, amerikanaren som er ein av toppane i Norwegian Slooper Society of Amerika.,

Det er organisasjonen for etterkomarane etter "sluppefolket", dei som reiste over havet i 1825 med den opphavlege sluppen "Restauration". Kirk Mies er 6. generasjon av Daniel og Brita Rossadal, som reiste over med skuta i 1825 saman med fem barn.

-Kjem du til å laga film viss det blir amerikareis om tre år på "Restauration"?

-Eg veit at dei prøver å samla mannskap til ein slik tur, men eg er ikkje sikker på om eg er rette mann til å vera med på den turen. Men tanken ligg der, i bahovudet mitt, stadfestar Frode Fimland overfor Øyposten.

Frode Fimland er mannen bak filmar som "Søsken til evig tid" og "John - den siste cowboy". Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Filmopptaka som nå er gjort er uansett starten på eit filmprosjekt kor "Restauration" spelar ei sentral rolle.

Fimland har mellom anna laga "søsken til evig tid" og "John - den siste cowboy".  17. mai, om dagen var han Vidar Aarhus på Fogn for å vera med på dåpen av lettbåten "Margaret Allen", oppkalla etter jentebarnet som blei fødd under overfarten i 1825.

Kirk Mies har både med kona og tre av barna på denne turen til Norge, som alle synes det er ei oppleving å få vera med på 17. mai her.

Familien Mies, 6. og 7. generasjon etter sluppefolket i 1825. Frå venstre barna Elisabeth, Etan og Emilie, kona Renee og Kirk Mies. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

-Det var Kirk Mies som fekk æra av å fjerna klede som dekka navnet på lettbåten, under seremonien på Fogn, opplyser Vidar Arhus.

-I dag ville nok turen over Atlanteren ikkje vera så skummel, med alle hjelpemiddel som er nå. Men for to hundre år sidan, hjelpe meg, seier dottera Elisabeth Mies om turen i 1825.