Stang og Idsøe nådde kvoten på 26 tonn skrei

Ivar og Kristian Stang nådde kvoten på 26 tonn skrei under lofotfiske sist veke, saman med Bernhard og Kjell Idsø.

Ivar (t.v.) og Kristian Stang før avreisa til Lofoten, med ny garnhalar montert ombord.
Publisert:

FINNØY: -Det har vore mykje austavind, og det er gift, seier dei her oppe, fortel Ivar Stang til Øyposten.

Saman med sonen Kristian har han vore tre veker på lofotfiske, i kompaniskap med Bernhard og Kjell Idsø.

Flott lofotskrei på vegn inn i båten til Ivar og Kristian Stang.

Når det er austavind, kjem ikkje fisken inn til land, ifølge erfarne fiskarar der nord.

-Men nå skal vinden snu på sørvest, samstundes som det blir nymåne. Og då kan det bli bra fiske, seier Stang.

Dei to fiskarlaga har fått ein kvote på til saman 26 tonn, sløgd og hovudkappa, eller rundt 40 tonn rund fisk, og det nådde dei i løpet av veka som var. Dei fekk også arbeidarane i gang på mottaket i Henningsvær, og det av folk som kunne jobba, seier Ivar Stang.

-Prisen er også god, 50 kroner kiloen, opplyser Ivar Stang, som skryter av forpleininga ombord i «Elieser».

-Me bur i båten vår, men torsdag var me ombord i «Elieser» og hadde komla og sviskegraut, opplyser han.

Nå er dei på veg heim, og passerer «De syv søstre» på Helgelandskysten, etter å ha bunkra diesel i Sandnessjøen.

-Å få oppleva den flotte naturen er balsam for ein gammal mann som meg, seier 81-år gamle Ivar Stang frå Finnøy, som reknar med å vera heime seint torsdag kveld.