Christian Lykken arbeider i driftsapparatet til Joker Skartveit, og hjelp til med ombygginga. Foto: Joker Skartveit

Det er travle tider på Joker Skartveit, men dei tek seg likevel tid til ein prat me Øyposten torsdag morgon. Me er nysgjerrige på kva planar dei har for butikken framover.

– Denne veka starta me opprydding av butikken, fortel Anita Torp Ørnes, eigar av butikken som ligg på Halsnøy i Finnøy kommunedel:

– Det skal bli opnare og meir romleg for kundane. For nokre veker sidan tinga me utstyr som trengst for å ha sjølvbetening, til dømes kamerautstyr, og me håpar at alt er på plass og godkjent rundt påsketider.

Torp Ørnes seier at dette er eit stort, men viktig steg å ta.

– Sjølvsagt vil me vere bemanna som i dag, men no opnar me for at folk som kjem seint heim frå jobb, også kan handle hjå oss, seier ho:

– Me vil vere meir tilgjengelege for kundane, og håpar også at lenger opningstid vil stoppe noko av handelslekkasjen.

Joker Skartveit vil no opne butikken for sjølvbetening. Opningstidene med betening vil vere som i dag. Foto: Joker Skartveit

Planlagd opningstid

Ho fortel at dei planlegg for opningstid av den sjølvbetente butikken frå 7–23. Opningstider med betening vil vere omtrent som i dag.

– No ventar me berre på lovlegskapskontrollen frå Statsforvaltaren for å få vite om me også kan selje alkohol i den sjølvbetente løysinga. Eg tenkjer at det er nødvendig at me kan tilby alle varene folk vil ha, også når det ikkje er tilsette i butikken.

Joker Skartveit blei kåra til Årets gjestehamn i både 2014 og 2023. Dei blei også kåra til Landets beste møtestad i 2012.

Med båtplassar, sandstrand og turområde i nærleiken, er det mange som legg båtferien hit.

– Snart kan også folk nytte butikken større delar av dagen, og dette veit me vil bli godt motteke av både fastbuande og tilreisande.

Meiningar frå fastbuande

Sissel Marie Bjerga er fastbuande på Halsnøy og synest at dette er gode nyheiter.

– Eg jobbar jo til mange rare tider, så no vil butikken vere meir tilgjengeleg for meg, seier ho:

– Då treng eg ikkje å stresse for å rekke butikken før ferja går. Eg kan heller handle etter at ferja legg til kai på Halsnøy.

Også Ragne Halsne er glad for at det no vil bli mogleg å handle også utanom klokka 10 til kvart på fem.

– Me har jo også post i butikk, så viss ein ikkje rekk opningstidene i vekedagane på grunn av pendling og ferjeruter, så har ein no berre moglegheita til å hente eigen post mellom 10 og 13 på laurdagen, seier ho:

– Eg har berre høyrt positive ting om dette. Rykta har jo allereie begynt å gå, og alle gler seg. Kanskje dette også kan stoppe noko handelslekkasje til fastlandet også?

Ho ler:

– Det einaste negative eg kan kome på, er at viss ein blir godtesjuk på kveldstid, så kan ein no få stilt behovet. Men det kjem nok til å gå bra, seier Halsne.