FINNØY: -Dette må bli ein tradisjon, seier Johan Eggebø, leiar i Finnøy Sau og Geit til Øyposten.

Eit 60-tals kvinner frå dei fleste øyane i Finnøy og Rennesøy hadde meldt seg på til arrangementet.

-Det er eit veldig kjekt tiltak, skryter Anne Maiken Trahaug og Ellen Haraldseid Bleie, to av kvinnene som hadde benka seg rundt bordet på Utsyn.

-Det er kjekt å møta andre kvinner som driv med sau, kjekt å få litt fagleg påfyll og ikkje minst nyta god mat, seier dei. På menyen stod tapas og Dronning Maud-dessert.

-Dette må bli tradisjon, seier leiar i Finnøy Sau og Geit, Johan Eggebø, her i gemyttleg samtale med Iren Vestersjø Hidle. Foto: Rune Nedrebø

Overgitt over at det kom så mange

Anne Maiken Trahaug har ansvaret på garden på Lauvsnes for 35 sauer av rasen norsk kvit sau og blæs.

-Det blir lemming til påsken, reknar ho med, og då må ho trø til og overvaka at alt går bra.

Heime hos Ellen Haraldseid Bleie har ho og mannen 30 dyr av typen norsk kvit sau.

-Det har vore ein liten tjuvstart på lemminga, seier Ellen, som foreløpig overlet til mannen å gå i sauefjøset.

-Men eg blir kanskje med etter kvart, seier ho.

Irene Vestersjø Hidle, som driv med 200 søyer på Nord-Hidle i Sjernarøyane, er imponert over frammøtet.

– Eg hadde aldri trudd det ville koma så mange, seier Iren Vestersjø Hidle, som gledar seg til å snakka sau i godt «søsterfelleskap».

Må bli ein tradisjon

Johan Eggebø, som sjølv har 89 sauer som skal lemma, håpar at dette kan bli ein tradisjon.

-Som regel er det mest menn på møta i sau og geit. Men det er nok lettare å få kvinnene med når det er ein rein damekveld, meiner han, og håpar at dette kan gje auka engasjement, også hos kvinnene for sauenæringa.

Det faglege innslaget denne kvelden var det veterinær Tove Runhild Skadsem som stod for. Temaet for kvelden var lamming, og kva det er viktig å vera obs på.