Ferje og hurtigbåt droppar Grønvik og Helgøy i Årdalsfjorden

Frå 11. april kjem ikkje hurtigbåten til å gå innom kaiane på Helgøy i Årdalsfjorden og Grønvik i Fister. Ryfylkeferja kjem også til å droppa Helgøy etter dette.

Publisert:
Ryfylkeferja kuttar også ut anløp av Helgøy, etter at øya har fått brusamband.

RUTER: Årsaka er at Helgøy nå har fått brusamband til fastlandet. Då fylkestinget vedtok brua i 2016 blei det bestemt at denne skulle delvis finansierast av at båttilbudet forsvant.

-Kva med dei som vil kryssa fjorden på tvers, frå Judaberg til Helgøy?

-Desse får nå muligheten til å reisa med Ryfylkeferja til Fister i staden for til Helgøy. Dessutan er det lagt inn anløp om morgonen og ettermiddagen til Fister med hurtigbåten for å ivareta eventuelle pendlarar mellom Judaberg og Fister, opplyser Morten Nesvik i Kolumbus.