Inger Lise Rettedal vikarierer som programdirektør i ONS
Inger Lise Rettedal vikarierer som programdirektør i ONS, men jobben som bonde slepper ho ikkje.
UTSTEIN: -Det er ein spennande og utfordrande jobb, seier Inger Lise Rettedal til Øyposten.
Til vanleg skjøttar ho jobben som bonde på Klostergarden som omkransar Utstein Kloster. Ho er også på val som politiker for Høgre i Stavanger ved kommunestyrevalet nå i haust.
Men i vår fekk ho tilbod om å vikariera som programdirektør i ONS til det er skaffa ein ny, permanent direktør.
-Kjem du til å søkja på jobben?
-Det trur eg ikkje, eg har nok å gjera som bonde. Det er verdens kjekkaste jobb, men det er kjekt å ha ein fot innanfor i ONS. Der har eg hatt fleire oppdrag før, seier Rettedal.
Ho har mellom anna bakgrunn frå både Statoil/Equinor og Aker Solutions, og synes det er spennande å jobba med verdas største energimøtested i ei tid kor omstillingane på energifronten går utruleg fort.
Neste ONS blir i 2024, og då kan ONS feira 50-års jubileum.
Inger Lise Rettedal tok til i jobben 8. mai, akkurat då lamminga på Klostergarden omtrent var over.
Nå jobbar ho me å setta programmet og skaffa kompentente og interessante foredragshaldarar til ONS neste år.
-Heldigvis har me eit stort komitéapparat og veldig flinke folk med på laget. Saman skal me skapa eit framifrå program og skapa gode samtalar om ei berekraftig fremtid, seier ho.