Eit år med opp – og nedturar, men som i sum har gått som venta.

Prøving og feiling

– Ja det vil eg sei. Me har nådd måla våre, det er jo det viktigaste. Kanskje kunne me klart endå litt meir om det hadde vore full drift ute og inne i sommarmånadane. På grunn av støy og bråk i samband med bygginga på nabotomta, var det ikkje vits i å ha uteservering i fjor sommar. Men alt i alt er me nøgde. Det er jo slik at vegen har blitt til ved hjelp av prøving og feiling. Gjennom året har me opparbeida større forståing av kafédrift, kva som er lurt og kva som ikkje er så lurt. Det ermange ting ein må erfara for å få vita. No tek me med oss desse nyttige erfaringane inn i eit nytt driftsår, fortel bygdakokk, Joakim Moberg Wiborg.

Suksessrett

Ein av suksessfaktorane er Club Sandwichen. Ein saftig gobit med kylling, bacon, aioli og frisk salat mellom to rause skiver handverksbrød. Retten serverast med rikeleg med smakfulle småpoteter.

– Det er liksom signaturretten vår dette, og utan tvil bestseljaren. I løpet av dette året har me servert rundt 1500 porsjonar. I tillegg til alle porsjonane som er sendt ut av huset, som takeaway.

Onsdag blei eittårsdagen markert med gratis marsipankake og reduserte pris på Club Sandwichen. Det var mykje folk innom kafeen gjennom heile opningstida.

– Me bestilte marsipankake til 75 personar, men den varte ikkje lenge. I tillegg baud me på Club Sandwich til jubileumspris, men heller ikkje den heldt dagen ut. Det er sjølvsagt veldig kjekt, men synd ikkje alle fekk nytta seg av tilbodet. Me laga opp rikeleg på førehand, men det var likevel ikkje nok til alle som ville ha.

– Kva er det som gjer Club Sandwichen så populær?

– Det er gode råvarer, mykje smak, rause porsjonar og gunstig pris.

Temakveldar

– Kva tankar har du for drifta vidare?

– Det må bli meir av alt som har vore positivt. Utover det får me prøva å justera litt på opningstidene kanskje. Kveldsope viste seg å ikkje vera så populært som eg fyrst tenkte. Dessutan vil me prøva oss på fleire temakveldar, slik som quiz, 60+ og liknande faste arrangement. Elles er me opne for forslag. Me vil gi folk det dei vil ha, avsluttar Joakim Moberg Wiborg.