FINNØY: Både skuleborn og vaksne er i faresona langs den sterkt trafikkert vegen frå Judaberg til Fleirbrukshallen.

-Me går med hjarta i halsen, sa skuleborn Øyposten snakka med for litt sidan. Saka i Øyposten blei referert i utvalet for miljø og utbygging, då saka kom på dagsorden i møtet onsdag.

Her er det enkelt å laga til ein midlertidig gangsti. Foto: Rune Nedrebø

Frps Leif Arne Moi Nilsen var lite tilfreds med orienteringa til kommunedirektør Leidulf Skjørestad om kva som skulle gejrast for å betra situasjonen. Vegen er fylkesveg, og ifølge direktøren har det ikkje kome noko pålegg om å sikra ferdselen langs vegen frå fylket.

-Kan ikkje bare kommunen finna på ei løysing slik at skulebarna får ein trygg skulevegen, i staden for å gå i dialog med fylket. Det kan vel ikkje vera så vanskeleg, meinte Moi Nilsen.

Han sette fram forslag om at «kommunedirektøren så raskt det lar seg gjøre avhjelper mangelen som har oppstått i forbindelse med byggingen av nytt sykehjem på Judaberg når det gjelder gang- og sykkelsti». Forslaget fekk full tilslutning.

Birger W. Hetland opplyste også at det var planar i Finnøy kommune om gangveg frå Posten forbi «Rosenvoll-huset», som er den absolutt kortaste vegen til Fleirbrukshallen.

Det var Henrik Halleland (krf) som tok opp saka i form av eit spørsmål til formannskapet. Også velforeninga i Nesagjerdet har engasjert seg i denne saka.