STAVANGER: Saka skal vidare til formannskapet 24. november, men i og med at forslaget blei fremja av fleirtalspartia i Stavanger, ligg det truleg i korta at planane blir vedtekne også der.

Venstres Mette Vabø fremja forslaget frå kommunedelsutvalet i Rennesøy, men dette fekk bare stemmene frå Frp, Venstre og Høyre, og blei dermed forkasta.

Men Vabø vedgjekk at det var bare «nyansar» som skilde dei to vedtaka.

Det var Birger W. Hetland (sp) som fremja forslaget som blei vedteke.

-Me ynskjer meir liv i Vikevåg, og dette er vårt svar på det, sa Hetland mellom anna.

-Ser du ikkje at det vil kunna bety ei stor utsetjing i forhold til å få sentrum komplett, spurte Frps Leif Arne Moi Nilsen, noko Hetland avviste.

Kommunedirektør Leidulf Skjørestad slo fast at alternativ D, etter hans meining er ei konkretisering av det kommunedelsutvalet i Rennesøy vedtok. Skjørestad presiserte også at det må ein reguleringsplan på plass for nybygget på kaien, og det vil ta tid.

-Men det er fullt mulig å starta renoveringa av meieriet før reguleringsarbeidet er ferdig, understreka han.