I det fine været søndag ettermiddag 1. påskedag sykla Øyposten Finnøy rundt. I svingane mellom Mjølsnes og Landa stod ein bil midt i vegen der folk såg ut vindauget ned mot sjøen.

– Me ser på Hvaldimir, fortel dei.

Og nettopp. Nede i Døvika sym ein kvit skapning rundt. Den balar med ei blåse midt ute i bukta. Den var der visst allereie då folk køyrde til kyrkje tidlegare i dag.

I fleire timar må Hvaldimir, kven andre kan det vera, ha sumt rundt her. Den dreg blåsa under, før blåsa sprett opp att av vatnet. Slik held den på, denne sjøens Homo ludens.

Benedicte Alstveit gjekk ned til sjøkanten for å koma så nær som mulig.

– Artig å sjå, seier ho.

Ho har hytte på Lauvsnes og er her på påskeferie. Mora ventar oppe på vegen.

– Eg må opp att. Ho er vel lei av å venta, seier ho.

Øyposten plaskar i vatnet med handa, og kvitkvalen kjem symjande mot oss medan den bles. Den må ha eit fabelaktig øyre for vibrasjonar i vatn. Heilt nær kjem den ikkje, men utan tvil så fekk me her nede i bukta kontakt med både folk og dyr.

Sjå video av Hvaldimir ludens i Døvika:

Kart som viser Døvika: