Mest dramatiske hending gjennom påska skjedde på Sokn laurdag kveld, der ein festivalbuss med fleire ungdomar begynte å brenna. Dette har Øyposten allereie skrive om.

Elles har den siste veka vore roleg.

– Me har fått nokre meldingar om bil som vinglar og bil som køyrer for fort og slike ting, men det har ikkje blitt noko meir ut av det, seier politikontakt Svend Erik Ellingsen.

– Tysdag 2. april klokka 17 fekk me melding om ein sau som sat fast i eit gjerde, legg han til.

Sauen stod med hovudet i gjerdet og kom seg ikkje anten fram eller tilbake. Det skal ha vore på venstre side av vegen ut mot Mortavika på Rennesøy.

– Me ringde den lokale bonden, så då får me håpa det løyste seg, seier Ellingsen.