Her ved kontrollstasjonen på Sokn brann ein buss laurdag kveld. Foto: Sigbjørn Høidalen

Laurdag klokka 21.10 la politiet i Sør-Vest ut på X denne meldinga frå E39 på Sokn:

«Politi og brannvesenet er på stedet som følge av branntilløp i en russebuss. Passasjerene er ute av bussen. Det begynte å brenne under bussen, og brannvesenet er i ferd med å få slukket brannen nå. Ingen personskade. Trolig teknisk årsak.»

Brannen blei først forsøkt sløkt av passasjerane, skriv Aftenbladet.

Vidare skriv dei at brannvesenet raskt fekk kontroll på brannen då dei kom til staden.

– Det viste seg å vere vanskeleg for passasjerane å sløkke brannen, sidan bussen også lakk olje. Dei mellom fem og ti passasjerane i bussen kom seg alle ut, og dei har ikkje fått anten røyk- eller brannskadar, seier operasjonsleiar Victor Fenne Jensen i Sør-Vest.

Passasjerane var alle mellom 18 og 20 år gamle. Bussen blei registrert i 1978, og dette er ein årsak til hypotesen om at tekniske problem førte til at brannen starta.

Bussen skal vere ein festivalbuss og ikkje ein russebuss, ifølgje Aftenbladet.

Bussen køyrde vidare for eigen maskin med brannvesenet bak i tilfelle brannen skulle blusse opp at.