Etter fem år med målretta arbeid får Finnøy sin fyrste diakon

FINNØY: Stillingsannonsa ligg ute og har søknadsfrist 4. oktober. Førebels er det usikkert kor stor interessa er.

Ragnhild Valand (t.v.) og Else Jorunn Løland er blant eldsjelene som har jobba for å få ein diakon til Finnøy kommunedel.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:

FINNØY: Sidan 2016 har diakoni vore på agendaen i sokneråda. Det blei oppretta eit diakoniutval som jobba med lokale planar, og etter kvart konkret mot målet om å få ein diakonstilling.

Seks år seinare vedtok eit samrøystes Stavanger Kirkelige fellesråd 17. juni i år å oppretta ein 100 prosent diakonstilling i Finnøy.

Begrunninga for vedtaket var eit auka behov for kyrkjeleg diakonal innsats i kommunedelen.

– Me er sjølvsagt svært glad for endeleg å vera i mål. Å få ein diakonstilling betyr mykje for Finnøy seier Ragnhild Valand og Else Jorunn Løland.

Lange tradisjonar

Mange kjenner ordet diakon, men kanskje ikkje alle veit kva det inneber.

– Fortel, kva er ein diakon?

– Ein diakon er leiar av kyrkja sitt omsorgsarbeid, ofte i samarbeid med offentlege og frivillige instansar. Den norske kyrkja sin diakoni famnar dei fire søylene: nestekjærleik, inkluderande fellesskap, vern om skaparverket og kamp for rettferd. Historisk sett har diakonien teke hand om menneske i utsette situasjonar. Han har gått føre og lagt til rette for oppgåver som seinare har blitt teke hand om av det offentlege. Det kristne menneskesynet ligg til grunn for tenesta.Om nokon ynskjer å forstå meir av korleis ein diakon kan arbeida, vil eg anbefala podkasten «diakonalgang», opplyser Valand.

Mange rollar

– Kva inneber arbeidet i praksis?

Spesielt i møte med mange eldre som av ulike grunnar ikkje sjølve kan oppsøka kyrkja. Der vil ein kunne rekna med diakonen. Eg er og oppteken av at han eller ho som blir diakon ikkje berre skal nyttast i kyrkjelydsarbeid. Diakonien har eit tydeleg samfunnsengasjement. Vedkommade vil samarbeida med helse- og omsorgstenesta, lokale lag og organisasjonar, skular og barnehagar. Diakonen skal vera eit bindeledd mellom kyrkja og lokalsamfunnet, og har kompetanse når det gjeld samhandling med profesjonelle. Ein diakon vil dessutan kunne utløysa mykje frivillig arbeid, i følgje diakonirådgjevaren i bispedømmet Asbjørn Finnbakk, seier Else Jorunn Løland.

På grunn av den utfordrande geografien, fekk Finnøy ein 100 prosent stilling. 

– Mindre enn full stilling vil vera såpass krevjande for den som skal gjera jobben, at me kan risikera at vedkomande ikkje orkar. Øyane er ein viktig del av arbeidsområdet til diakonen og alle veit kor utfordrande det er å komma seg rundt.

Det er eit utbreitt frivillig engasjement i Finnøy. Me trur likevel at dette kan utviklast videre med ei diakonstilling, legg Løland til.

At den nye diakonstillinga i Finnøy kjem no, passar godt saman med at bispedømmet, domkyrkja og byen feirar 900 års jubileum i 2025.  Stavanger bispedømme si markering har diakoni som hovudtema.