Måndag morgon fekk Øyposten ein betalingsmur på nettsida vår. Det kan samanliknast med at me driv daglegvarehandel og endeleg har fått ei kasse for å ta betalt, som gjer at folk ikkje lenger berre kan gå inn i butikken og hente alle varene dei vil gratis.

I over eitt år har me drive utan «kasse», som har vore ein lite haldbar situasjon i og med at meir og meir av nyheitsformidlinga skjer gjennom nettsida. Dei som har betalt, er i hovudsak dei som har hatt papiravisa. Når me nå har fått ei betalingsløysing, som til og med har Vipps, blir det meir verdt å vere abonnent. I tillegg håpar me å få fleire abonnentar. At fleire betalar for å lese Øyposten, er me avhengige av for å drive ei profesjonell lokalavis for Finnøy og Rennesøy.

Tidlegare i haust har me informert om at viss du er abonnent og vil lese oss digitalt, må du ha ein såkalla Schibsted-konto. Viss du er registrert i det gamle abonnementssystemet, må du oppdatere til ein Schibsted-konto gjennom å gå inn på nettstaden les.oyposten.no/schibsted. Der blir du spurd om å oppgi kundenummer og postnummer. Dei fleste abonnentar som les oss på nett, har allereie vore gjennom denne prosessen.

Øyposten brukar nå det same innloggingssystem som blant anna Stavanger Aftenblad, Finn.no og VG. Har du allereie ein Schibsted-konto der, kan du bruke den til å kople på Øyposten. Viss ikkje, må du opprette ein Schibsted-konto gjennom å oppgi e-postadressa di og eit passord som du lagar. Andre i husstanden som vil lese Øyposten på nett, må bruke denne e-postadressa og dette passordet for å logge seg inn.

Me håpar du vil oppleve løysinga som brukarvennleg, og at du som er Øyposten-abonnent vil oppleve deg som litt meir privilegerte enn alle andre. Me som jobbar her vil i alle fall gjere det me kan for å lage ei aktuell og relevant avis for øyane; ein gong i veka på papir og kvar dag på nett.

Har du spørsmål så kontakt Øypostens kundesenter på telefon 40102221 ellet kontakt oss som jobbar i redaksjonen.