MC-huset i Vikevåg er klar til bruk igjen i mars
Etter ei tilstandsvurdering blei det klart at taket på MC-huset i Vikevåg sentrum var i ein slik forfatning at det må skiftast ut.
Terje Andersen i Eiendom - forvaltning i kommunen seier til Øyposten at heile taket må leggast på nytt.
– Det er eit omfattande arbeid, men det var ikkje tilrådeleg å berra skifta skiferhellene som ikkje var tette. Difor blei det no full oppgraderinga av taket med nytt tekke, lekter og panner. Arbeidet er godt i gang og er venta å vera ferdig ferdig i byrjinga av mars.
Andersen opplyser at prisen på nytt vil bli i underkant av èin million kroner.
MC-huset i Vikevåg sentrum blir blant anna brukt i rusomsorg.