Då bussen skulle kjøpast, venta lensmannen på kaien

-Du er etterlyst, sa lensmannen i Rennesøy, då Gunvald Hummervoll steig iland i Vikevåg for å ordna med kjøp av buss, saman med bror sin. Dei hadde planar om å starta bussrute på Rennesøy.

Gunvald Hummervoll (90) var med å starta den første bussruta på Rennesøy.
Publisert: Publisert:

RENNESØY: Det var pinsen 1952. Gunvald Hummervoll var i militæret i Stavern, og bad om perm for å reisa heim i pinsehelga.

Men det var mange i leiren som ville ha fri denne helga, og Gunvald fekk ikkje fri. Men han sa til kommanderande offiser: Nå reiser eg, og offiseren bare rista på hovudet.

Eigentleg hadde han bare perm til å reisa inn til Larvik, men Gunvald reiste like godt heilt heim til Vikevåg kor han blei møtt av lensmannen.

-Men han var grei og let meg få vera heime heile pinsehelga, seier Gunvald Hummervoll til Øyposten.

Dermed blei det kjøp av buss. Han og broren kjøpte ein turbuss i Stavanger. Seinare overtok far deira, Erling Hummervoll, broren sin del, og bussen blei døypt «Sørbøruten».

Den første bilen som faren, Erling Hummervoll kjøpte i 1937, ein Chevrolet av ukjent årsmodell.

Bussen brakk i to

Bussen fekk dei frakta på tvers på bakken på fjordabåten frå Stavanger til Østhusvik, og det skulle bli starten på den første regulere bussruta på øya. Far deira hadde begynt å kjøra lastebil i 1937, og kjøpte også ein gammal utsliten buss i 1949. Det var den første bussen på Rennesøy

-Den var det enkle hjul på framme og bak, fortel Gunvald Hummervoll. Men vegane på Rennesøy var langt frå dagens standard, grusvegar med djupe hjulspor i teleløysinga.

Då gjekk det ikkje betre enn at hjula på bussen kom i kvar sine spor, og bussen knakk rett og slett i to ved inngangsdøra framme.

Den nye bussen måtte kjørast frå Østhusvik til Galta, kor Gunvald budde.

-Det var ein heil jobb, for bussen var brei med doble hjul bak, og me måtte brekka oss gjennom grindane for å koma fram. Større bilar kjem aldri til å køyra på vegane på Rennesøy, blei det sagt den gongen, minnest han med eit smil.

Gunvald Hummervoll begynte å køyra bussen ved årsskiftet 52–53. Det var fast rute til rutebåten i Vikevåg om morgonen og om kvelden. Østhusvik trong han ikkje nærma seg, for det var ein eigen krins som østhusvikbuen passa godt på.

Den første rutebussen på Rennesøy, «Sørbøruta». Bussen var eigentleg ein turbuss og blei kjøpt i 1952. På biletet viser Erling Hummervoll stolt fram bussen.

Mann på busstaket

Bussbilletten kosta rundt ei krone, og ein gong kom det på ein kar frå Kvitsøy som var godt kjent med far. Han skulle på besøk til bygda.

-Hadde det vore far din som kjørte bussen, hadde eg fått fylgd gratis, klaga mannen til Gunvald då han fekk vita kva bussbilletten kosta. Men han måtte betala, same kor gnien han var.

Etter kvart tok ruta seg opp, og «Sørbøruten» frakta ungar til skulen og folk både til bedehuset og til dampen. Gunvald Hummervoll kjørte også til dansen på Østhusvik. Då la han seg til å sova på benken bak i bussen til dansen var slutt.

-Det var stige bak på bussen. Ein gong då eg kom heim og parkerte bussen i tunet oppdaga eg at det var det ein kar som hadde klatra opp på taket og hadde lege der heile vegen frå Østhusvik. Då eg oppdaga det ga eg han skikkeleg med kjeft, for det kunne vore livsfarleg, fortel Gunvald Hummervoll.

I 1961 blei denne bussen kjøpt.

For lågt for lasset

Dei begynte også med turkjøring for Overland til Tyskland, Østerrike, Italia og nederlanda, og utvida drifta med godsrute. Også det den første på Rennesøy.

-Me kjørte også tomatar til Oslo til Økern frå Stavanger, seier han. Men låge jernbanebruer var eit problem, og spesielt ei bru var problematisk å forsera. Då måtte dei ut og lessa av for å smyga under.

-Men det blei betre etter kvart, seier Gunvald.

Det kunne henda at dei kom til byen om morgonen, og fekk spørsmål om dei ville kjøra til Oslo same dagen.

-Då var det bare å setja av garde. Det var ikkje alltid eg rakk å ordna med pengar ein gong, hugsar Gunvald Hummervoll.

Det blei også arrangert bussturar til utlandet om sommaren i regi av reiseselskapet Overland.

80 kroner tur-retur Oslo

Men Oslo-turane var billege. Eit år kosta det ikkje meir enn 80 kroner tur-retur, for drivstoff var rimeleg, den gongen.

Det blei lange økter, for det var ikkje snakk om kviletid den gong. Som regel var han tilbake i byen om kvelden dagen etter, noko som betyr at han ikkje fekk blund på auga på halvtanna døgn.

-Først oppe, og sist i seng. Det var kvardagen, minnest Gunvald Hummervoll.

Då Rennfast åpna i 1992, blei bussruta parkert, Men ruta held fram med å kjøra gods, og det blei starten på det som i dag er det betydelege trafikkselskapet Rennesøy Trafikk.

Nå nyt Gunvald Hummervoll pensjonisttilværet heime på Galta på Rennesøy saman med kona Dagrunn, som i alle åra mens han sat bak rattet i bussen eller godsruta passa telefonen og styrte gardsbruket heime.

90-åringen er heller ikkje verre enn at han ser fram til ein ny sesong på hummarfisket i haust, og er i full gang med å førebu med agning og klargjering av teiner.

-Det er reine medisinen for han å vera på sjøen. Det er noko han alltid har lika, seier kona Dagrunn.