Startar nytt tilbod for barn og ungdom
I samarbeid med Finnøy idrettslag vil rumenske Iulian Strugariu på tysdag starte opp et tilbod om kickboksing i Fleirbrukshallen.
Tilbodet går ut til alle barn mellom 7 og 14 år som er medlemmar i idrettslaget.
«FIL er som vanleg positive til alt som kan skape aktivitet blant barn, unge og attpåtil vaksne – men dette er noko heilt nytt for oss – og me vil prøve det ut ein gang i veka for å sjå om det blir positivt mottatt. Me kan utvide over tid, men vil kome i gang på ein roleg måte», skriv Finnøy idrettslag om tilbodet på nettsida si.
Strugariu har eid og drifta eit kampsportsenter i Romania før han kom til Finnøy.
Han skildrar kickboksing slik:
– I denne sporten dannar barnet sin karakter, aukar sjølvtilliten, lærer viktigheita av disiplin i livet, konkurranseevne og sjølvsagt sjølvforsvar. Men la oss ikkje gløyme kva som er viktigast, helse og intelligens.
Tilbodet vil finst stad tysdagar mellom 18 og 1930.
Dei som vil prøve tilbodet, tek kontakt på fildagligleder@gmail.com.