Hadia Tajik kjem til Rennesøy og Finnøy i februar. Foto: Sølvberget

Hadia Tajik er mest kjend som Arbeidarpartipolitikaren som kjem frå Bjørheimsbygd i Ryfylke.

No har 40-åringen gitt ut si andre bok; «Drømmen for min datter». Ifølgje Sølvberget handlar boka om vår tids viktigaste utfordring; klimaendringane. Den viser kor tett økonomien vår er bunden til både årsakene og, ikkje minst, løysingane.

Sølvberget skriv vidare: «Tajik fortel spennande, levande og innsiktsfullt om korleis me har kome dit me er i dag; og korleis me skal få ein planet å leva på, men også ein å leva av.»

Tidlegare har forfattaren skrive sjølvbiografien «Frihet – ei politisk og personleg historie».

Ho kjem til Finnøy bibliotek klokka 12 og Rennesøy bibliotek klokka 18 for å delta i samtale med journalist og forfattar Oddvar Vignes.