Mange rogalendingar vil til turisthytta på Fjøløy

Hytta på Fjøløy er den einaste av turistforeningen sine hytte i Finnøy og Rennesøy, og har stadig fleire besøkande frå regionen.

På denne vesle hytta på Fjøløy er det mange rogalendingar som finn roen.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:

Hytta på Fjøløy er er lett tilgjengeleg, den er spekka med krigshistorie, utsikten er upåklageleg, og det er gode fiske- og bademoglegheiter. I tillegg er det mykje å oppleva i nærområdet, blant anna Utstein kloster og vikinghistoria. Med andre ord; «ei med alt.»

Historisk sus

– Det er mange rogalanedingar som har oppdaga gleda ved kortreist friluftsliv. På grunn av den korte avstanden går det fint an å reisa til Fjøløy etter jobb, og tilbake igjen neste morgen. Det går buss frå Stavanger sentrum. Tenk kor deilig det er å reisa ut dit etter ein dag på jobb, nyta roen og lesa ei bok, eller å sjå soloppgangen før du køyrer tilbake til byen. Det er så utruleg mange moglegheieter i området. Det er heller ikkje uvanleg at hytta er utleigd ei veke i slengen, fortel Kaja Storaker, leiar for tursenteret i Stavanger Turisforening.

I over 70 år var det 270 dekar store området på Fjøløy millitært og stengt for allmuen. Det naturskjønne området blei brukt av tyskarane under krigen, og ber preg av det framleis. Det er mange bunkarsar på området som det er populært å utforska, spesilelt når det er mørkt. I 1945 overtok det norske forsvaret fortet på Fjøløy.

Ønskjer du å lesa meir om den spesielle hytta, kan du gjera det på ut.no. Her kan du og bestilla overnatting.