Vannsportdag på Fogn

Markeringa av idrettslaget sitt 50 års jubileun fortsett. På laurdag blir det vannsportdag for heile familien på kaia på Sørvåg

Denne anntrampolinen blir å finna på vannsportdagenlaurdag.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:

Dette er tredje og neste siste jubileumsarrangementet før sjølve jubileumsfesten laurdag 3.september. Her skal blant anna fognbuen Ole Jakob Kjølvik snakka om turane sine til Mount Everest.

For heile familien

Dagen på laurdag startar med fiskekonkurranse frå klokka. 11.00 til 13.00. Dei aller yngste stiller i stintefiskekonkurransen. Her er det mogleg å låna fiskestenger. Deltakarar i dei andre klassane må stilla med fiskeutstyr sjølve. Det er påmelding frå klokka 1030.

Idrettslaget har ordna med forskjellige vannsportaktivitetar, blant anna vanntrampoline. Alle som har kan ta med seg kajakk, kano, brett, SUP eller liknande. Idrettslaghet stiller også med bord og benker, samt varme grillar. Grillmaten må du ta med sjølv.

Hugs å ta me redningsvest.

Siste aktivitet før den store jubileumsfesten er Mesternes mester som går av stabelen ved oppvekstsenteret sundag 14. august.

Fognameisterskapet er sundag 4.september.