Ordførar Kari Nessa Nordtun.

RENNESØY:

Det er Stavanger, Kvitsøy og Utsira som står bak invitasjonen til kommunalministeren.,

Frå Stavanger si side er invitasjonen underteikna av ordførar Kari Nessa Nordtun og varaordførar Dagny Sunnanå Hausken, mens frå Kvitsøy og Utsira står ordførarane Stian Giil Bjørsvik og Marte Eide Klovning bak.

Utgangspunktet er brevet som kommunedelsutvalet og grendalaga sende til ordførar Kari Nessa Nordtun, kor det blir bedt om at saka blir tatt opp i formannskapet.

Det blir imidlertid ikkje noko sak i formannskapet, men dei tre kommunane tek eit felles initiativ overfor kommunalministeren.

Varaodførar Dagny Sunnanå Hausken håpar ministern kjem til Stavanger, og kan gjerne tenkja seg å ta han med på ein rundtur til øyane i Finnøy.

-Me har eit kjempeargument i at halve Ombo ligg i ei gunstig sone, mens resten har same sona som i byen, meiner ho.

-Ville det ikkje vore ein fordel om formannskapet fekk saka til behandling og gjorde eit vedtak?

-Eg trur ikkje det har særleg betydning. Argumenta i brevet er klare nok, og me har god kontakt med «våre» som nå har makta og sit i regjering, seier Sunnanå Hausken.

Krfs Henrik Halleland er ikkje enig med varaordføraren. Han meiner det er synd at saka ikkje kom til politisk behandling i formannskapet.

--Det ville gitt mykje større tyngd viss eit samla formannskap stilte seg bak kravet om at endringa i arbeidsgjevaravgifta for Finnøy kommunedel må reverserast, seier Henrik Halleland.