Helgøy Skyssbåt reduserer farten for å spara dyrt drivstoff
Båtane til Helgøy Skyssbåt har fått beskjed om å slakka av på farten når det er mulig, for å spara dyr diesel.
HELGØY: Det stadfestar Kristen Helgøy i selskapet Helgøy Skyssbåt overfor Øyposten.
-Det er ein fortvila situasjon. Næringslivet får ingen hjelp med dei gallopperande energiprisane, noko som går rett inn på botnlinja både hos oss og mange andre bedrifter, seier Helgøy til Øyposten.
Som eit mottrekk for å møta dei høgde drivstoffprisane, slår hurtigbåtane til rederiet på Helgøy av på farten når det er mulig. Helgøy Skyssbåt har rundt 15 tilsette.
Kamp for å halda hovudet over vatnet
-Det gjer at me kan spara noko på drivstoffutgiftene, seier Helgøy, som understrekar at båtane like vel skal halda rutene.
-Korleis er situasjonen for rederiet nå?
-Me kjempar for å halda hovudet over vatnet. Det er klart at dei dyre energiprisane kombinert med to magre år under korona’en er ganske alvorleg for oss. Me kan ikkje leggja på prisane heller, for då misser me kunder. Me foreløpig klarer me oss, seier han.
Kristen Helgøy legg til at han er sterkt provosert av at myndighetene ikkje klarer å få på plass ein hjelpepakke for næringslivet.
-Det går veldig tregt, synes eg. Viss ikkje det snart kjem ei ordning vil garantert fleire bedrifter gå dukken. Eg seier frå til alle politikarar eg møter at det må koma ei ordning snart, for elles vil mange missa jobben. Spesielt gjeld det i distrikta, kor marginane for mange er små. Mens husholdningane har fått ei støtteordning, har ikkje me som driv bedrifter fått noko. Det blir eg svært provosert av, seier Kristen Helgøy.
Dramatisk for fruktpakkeri
I tillegg til å jobba i skyssbåtselskapet, driv han og kona også Helgøy fruktgard.
-Eg er svært spent på korleis denne hausten går. Me har fruktpakkeriet i Årdal som treng mykje straum til kjøling, og når straumprisen har auka frå 30–40 øre til sju kroner på grunn av straumkablar til utlandet er det ingen spøk. Det er ganske dramatisk, seier han.