Øyvind Amdal driv med gris på Finnøy.

Av Rune Nedrebø,

FINNØY: Amdal har 60 grisepurker i kombinert produksjon på garden på Nærland på Finnøy.

Laurdag tar han og kona seg ei vekes ferie. Då treng han avløysar, men det har vist seg lettare sagt enn gjort.  Han har forgjeves forsøkt å få fatt i ein jordbruksavløysar i lengre tid.

-Eg har spurt etter avløysar gjennom avløysarlaget ei god stund, men han eg fekk hadde ei heilt anna forventning til løn enn det eg kunne betala, seier Amdal, som legg til at han betaler tariffløn på 145 kroner timen.

Han trur det er fleire årsaker til at det å vera avløysar ikkje lenger er så populært som det var.

-Då eg vaks opp var det mange som ville vera avløysarar. Men nå er det færre gardsbruk, og dermed færre ungdommar som er vant med gardsarbeid, seier Finnøy-bonden.

Han presiserer at han ikkje klandrar ungdommen for at dei ikkje vil ta jobbar på gard.

-Barna får alt dei vil ha og vel så det av foreldrene. Difor ser mange ikkje noko poeng i å ta seg jobbar som dette, meiner han.

Han trur likevel det kan vera ungdommar som er interessert, men som ikkje vågar eller veit kor dei skal henvenda seg.

-Me kan bare oppfordra dei til å prøva seg, seier Amdal.

Han har også hatt utlendingar i jobb, og spesielt ukrainarane har han veldig god erfaring med.

-Det har vore kjempeflinke folk, men nå er det krig der, og dermed kjem dei ikkje hit, seier Øyvind Amdal.

Det er Finnøy og Rennesøy landbrukstenester som har som oppgåve å skaffa avløysarar til bøndene. Arne Madland, som er dagleg leiar der, seier at tilgangen på avløysarar i dei to kommunedelane har vore god.

-Men det kan oppstå situasjonar kor me har vanskar med å skaffa avløysar. Det er sjølvsagt ikkje bra for dei det gjeld, seier han.

-Korleis er interesse for å bli avløysar blant ungdommar i øyane?

-Me arrangerer avløysarkurs for 10. klassingar både på Finnøy og Rennesøy, og eg opplever interessa som god. Men det er 15-åringar det er snakk om, og dei må få opplæring, seier han.